Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



12 ting som må gjerast rett før verda går under

roman

Med denne boka blei Bjørn Sortland den norske vinnaren av Skandinavisk romankonkurranse 2001. Det er ei vakker bok, morosam og djupt alvorleg på same tid, ei bok til underhaldning og ettertanke. Bokas hovudperson, Therese på tretten, er ei uredd jente som resolutt tek saka i eigne hender når ho føler at no er det rett før verda går under. Ho lagar ei liste over tolv ting som må gjerast, og den følgjer ho punkt for punkt. Utan noko tull.
Utdrag:
EIN DAG SIT FLYTÃ…RNSFOLKA HEIME I BERRE UNDERBUKSA OG ET OSTEPOP TIL FRUKOST


Jan må ha greidd å skru av tv-en utan å reisa seg, og no sit han med augo igjen, men eg sansar at han ikkje søv. Det er kaldt i kjellarstova no, så eg vaknar halvvegs.
Eg veit liksom ikkje om dette er pinlig eller kva det er. Men Jan har i alle fall ikkje gått heim tidleg denne kvelden. Klokka må vera minst halv to.
- Eg er redd for å vakna ein dag og så er det nesten ingen vanlege folk ute, mumler eg, hultertilbulter i ein setning, utan stans, - det er ganske stilt, på tv er det berre gamle seriar som pappa likar, Seinfeld og slikt, ikkje nyheter og vêrmelding, eg trur at når verda går under kjem dei ikkje til å seia så mykje, dei lar det berre skura, det er ingenting å gjera likevel, nokre folk stjel frå butikkar, ikkje så mange som ein skulle tru, ein kan høyra biltuting i det fjerne, i lufta ser ein plutselege flykræsj og eksplosjonar, nesten som fyrverkeri, ingen sit og passar på i flytårna meir, for flytårnsfolka sit heime i berre underbuksa og et ostepop til frukost mens dei ser på Seinfeld, folk reiser på sykehus fordi dei trur dei er tryggare der, men legane har stengt seg inne med sykepleiarane på vaktrommet, pasientane får nøklar til operasjonsstova og røntgenapparata sjølv, det er rare fargar på himmelen, vatnet i springen er heile tida tisselunka, lufta er hårfønar-varm, ungar er fulle, alt er på ein måte i sakte kino, folk er naknare, liksom, dei veit at det er over no, mumler eg, - det er ingenting meir som kan gøymast.
Klokka må vera cirka ti på to når eg trur at Jan legg armen sin rundt meg, men så viser det seg at han berre klør i øyra.


Andre bøker på emnet Skilsmisse (3)

  1. NÃ¥r familien splittes
  2. Noveller om ungdom
  3. Slutt!

Andre bøker på emnet Forelskelse (33)

  1. Georg og Gloria
  2. Kjæresten om natten
  3. Markus er konge
  4. Verdas mest forelska par
  5. Rødt hjerte, blå sommerfugl
  6. Ekspert på å rødme
List flere på Forelskelse...
Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Straumsbukta skole

Aldri utlånt


Tech info