Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Matglede

Undervisningsvideo

Fra forsiden av coveret:
Matglede - eit begrep som kan omhandle både førebuing og tilbreding av eit måltid – som nytinga av det. I programma er vi med på å handle inn råvarer, vurdere kvalitet og bruksområde. Det kan vere utruleg inspirerande og lærerikt å følgje enkle oppskrifter og erfare at det kan smake utruleg godt. Dei 6 første programma har dei enklaste rettane.

Fra baksiden av coveret:
1 Potetretter
Trond Moi viser oss to gode rettar der poteter og grønsaker er hovudingrediensane. Det blir laga Røstpoteter, ein rett som for det meste inneheld poteter, og det blir laga ein grønsaksgrateng. 15 min

2 Kjøttkaker
Denne gongen viser Trond oss si eiga oppskrift på kjøtkaker, og vi får sjå korleis ein skal lage god brun saus frå grunnen av. I tillegg til dette steiker vi biff.
15 min

3 Saus
God saus er godt og kunne lage, og her lærer vi å lage frikasésaus og ein enkel soppsaus. 15 min

4 Fisk
I dette programmet tek Trond Moi føre seg seifilét i ein enkel løk- og paprikasaus, samt ei god fiskesuppe basert på sei- og laksestykke 15 min

5 Kylling i rosmarin
Nå prøver vi oss på det litt meir eksotiske. Vi lagar kylling med rosmarin frå Frankrike og ein god risottorett. Trond fortel også litt om dei ulike krydderurtene. 15 min

6 Brød
Vi bakar brød i dette programmet. Eit brød med fersk gjær og eit med tørrgjær. Trond Moi kjem og med gode tips både til brødbaking og rundstykke. 15 min

7 Grønnsaker
Korleis skal det bli meir attraktivt med grønsaker? I dette programmet viser Trond Moi oss korleis vi kan lage gode vegetarburgarar. Vi får og ei enkel oppskrift på ei gratinert potetpanne. 15 min

8 Kjøtt i mørke
I dette programmet lagar Trond ein rett av bankekjøtt med ein god soppstuing til. 15 min

9 Seigryte
Dette programmet startar hos fiskehandlaren, der vi får gode råd til kjøp av fisk. Tilbake i kjøkkenet lagar Trond Moi ei god seigryte med typisk norske grønsaker som purre og gulrøter. 15 min

10 Bidos
I dette programmet lagar vi samisk mat. Bidos er ein typisk samisk rett laga på reinsdyrkjøtt, som kan likne på lapskaus. Vi får også oppskrifta på finnebiff, og ein dessert av varme sukra molter. 15 min

11 Kyllingbryst på potetseng
I dag lagar Trond Moi ein enkel, men god kyllingrett. Den består hovudsakleg av poteter og kyllingbryst som vert gratinert. Ved sida av lagar han ein grøn salat med olje. 15 min

12 Brød og sukkerbrød
Vi startar med ein tur til ein fransk bakar, og får nokre tips til brødbaking. Tilbake i kjøkkenet bakar vi eit dessertbrød, som mellom anna høver godt som hamburgerbrød. Vi får og ei enkel oppskrift på sukkerbrød, med påfølgjande tips om korleis vi skal få den vellykka. 15 min

Relaterte prosjekter


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Aldri utlånt


Tech info