Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Mektige elver

Undervisningsvideo

Fra forsiden av coveret:
Programserien tek oss med til fem verdsdelar for å bli kjent med fem av verda sine største elvar. Programma fortel ikkje berre om elvane, men livet langs elvane og dei ulike aktivitetane til menneska som påverkar elva og naturen kring den.

Fra baksiden av coveret:
1 Hva er elver
Orinoco i Sør-Amerika blir brukt som eksempel på kva element ei elv består av – frå den vesle bekken oppe i fjellandskapet- ned til slettelandet med enorme våtmarksområde der elva renn ut i havet. Programmet omhandlar elva sin livssyklus. Vi ser også korleis urbefolkninga har lært å utnytte elva som grunnlag for å skape seg betre livsvilkår. 20 min

2 Elva viser muskler
Elva Angara i Asia gir eksempel på dei enorme kreftene elvestraumen representerer. Rett før elva fell til ro nede i lavlandet, er elva ofte på sitt mest energirike. Vi får innblikk i elva si kraft og makt - evna til å endre landskapet gjennom hundretusenar av år med graving i steinhardt fjell. Det er slik dei djupe dalane blir danna. Vi menneska har klart å utnytte elva sin energi til å produsere elektrisitet. 20 min

3 Elva som transportvei
Det blir sett fokus på den nedste delen av Donau, den som inneheld mest vatn. Vi får sjå korleis elva sedimenterer landskapet. Vi ser også korleis elva har blitt ein viktig transportveg, og på industrien som har blitt bygt langs elva 20 min

4 Elva som kilde til liv
Nilen i Afrika er eit døme på korleis elva kan vere med på å endre eit ørkenlandskap til ein stad der menneska kan leve og bu. Gjennom tusener av år har menneska lært seg å hente opp vatn frå elva - til eige bruk og til å vatne store jordbruksområde. Vi ser korleis flomvatnet både har hatt ei øydeleggjande kraft samtidig med at det har gitt grobotn for jordbruket i området. 20 min

5 Kan elva temmes?
Programmet handlar om Mississippi i Nord-Amerika. Det syner korleis menneskeskapte aktivitetar påverkar elva- og vi får vite litt om korleis menneska prøver å styre elva. Demningar, dike, kanalar og forsøk på å lage ekstra avlaup når flaumvatnet truar. Programmet tek spesielt føre seg miljøproblem knytt til kombinasjonen ”menneska og elva”, og syner mellom anna det arbeidet som har blitt gjort for at det i minst mogleg grad skal vere ein trussel mot menneske og natur. 20 min

Relaterte prosjekter


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Aldri utlånt


Tech info