Logg inn til ditt område
Jødedommen
1 Kunnskapens religion
Dei ti boda og Toraen er kjernen i jødedommen. Toraen er jødane si heilage bok og består av 613 forskrifter. Vi får høyre om jødane si historie, og at slavetida var ein viktig del av denne. Omskjering av gutebarn er ein tradisjon som jødane held i hevd. Kalotten som jødane ber på hovudet symboliserer at dei er audmjuke overfor gud og menneske. Det er mange faste reglar ein skal leve etter som jøde, mellom anna skal mennene lese dei faste bønene tre gongar for dag, og då skal dei ta på seg bønnereimer og tefillin. Bønene skal gjere kvar dag til ein heilag dag. 25 min
2 Tradisjoner og høytid
Den jødiske påska er til minne om at jødane slapp fri frå slaveriet. Når jødane skal feire påske må alt vere reint i huset, og reingjeringa skjer etter faste reglar. Reglane vert kalla kosher-lover og gir påbod om kva ein kan ete. Det er mykje symbolikk i maten dei et i påska. I programmet møter vi mellom anna ei norskkvinne som har konvertert til jødedommen og vi vitjar ei synagoge. 25 min
3 Eretz Israel
Israels land - Eretz Israel - feira 50 år i 1998. I dag bur 4,6 millionar, av i alt 17 millionar jødar, i Israel. For å bli rekna som jøde må du vere fødd av ei jødisk mor eller vere konvertert av ein jødisk rabbinar. Programmet har intervju med ulike menneske der vi får høyre kvifor dei flytta til Israel. Landet, og særleg hovudstaden Jerusalem, er eit konfliktfylt område fordi tre verdsreligionar reknar byen som heilag. 25 min
Andre bøker på emnet Jødedommen (2)
Andre bøker på emnet Jøder (25)
List flere på Jøder...Denne finnes på Kvaløysletta skole
- Plassering 296 DVD
- Utgitt 1999 AV-senteret
- Sider 75 min
- ISBN XXXX-12842
- Antall 1 Reserver denne
-
Emner
Jødedommen
Jøder
Lånehistorikk Utlånt 3 ganger
- 2009 - 18. mars 1069 dager.
- 2009 - 24. feb. 1091 dager.
- 2009 - 29. jan. 1117 dager.
Tech info