Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Trærne våre

Undervisningsvideo: 12 deler

1 Gran
Grana er det viktigaste treet i skogbruket. Ho vert mellom anna brukt i husbygging og papirproduksjon. 80 år er gjennomsnittsalder for gran, men trea kan blli 2-300 år gamle. Kvart år vert 400 000 grantre høgde til juletre i Norge. 10 min

2 Bjørk
Vi har tre slag bjørk: dunbjørk, hengebjørk og dvergbjørk. Bjørka er hardfør og trivst i all slags jord, ei stor bjørk kan drikke opp til 600 liter om dagen. Mange kunstnarar vert inspirert av bjørka. Barken vert nytta til torvtak og tømmeret til møblar. Vi følgjer bjørka frå plank til møbel. 9 min

3 Or
Or fell grøne lauv om hausten og er det einaste lauvtreet med konglar. Svartor og gråor har stor tilpassingsevne, og trivast opp til 1200 m, helst nær vatn. Veden har ein vakker gyllenbrun farge som passar til kjøkkeninnreiing og møblar. 9 min

4 Furu
Mange meiner furua er vårt vakraste tre, ho tåler godt vind, og kan vekse u av bergsprekker. Langs kysten i dei nordlege fylka er det ikkje furu, elles veks ho i heile landet. Furua blomstrar når ho vert 30.40 år gammal i mai/juni. 9 min

5 Eik
Kongen blant trea veks på heile austlandet og langs kysten nordover til Nordmøre. Garvesyra i tømmeret gjer at eika ikkje rotnar, og vikingane brukte eik i skipa sine. No vert eik ofte nytta til golv og kjøkken. 9 min

6 Osp
Ospebarken er viktig mat for mange dyr, og fleire fugleartar bygg reir i stammen på gamle tre. Ungtrea kan vekse opp til 2 meter første året, ospa veks gjerne i blandingsskog. Røtene kan bli svært lange, opp til 50 meter. Blir brukt m.a. til fyrstikker. 8 min

7 Einer
Har vore i Norge i 10 000 år, enkelte eksemplar kan bli opp til 2000 år. Einer veks over heile landet og trivast i all slags jord. Treet har vore brukt til svært ulike ting, mellom anna matlaging og røyking av fisk. 7 min

8 Lønn
Lønnen er vakrast om hausten med fargerike store blad. Vi har to artar i Norge, platanlønn og spisslønn. Den er vanleg som parktre og tuntre. Lønn vert brukt til musikkinstrument som fiolin og gitar. 6 min

9 Alm
Ulmus glabra er eit vanleg parktre, ofte brukt i allèar. Alm kan bli utsett for billeangrep som fører til almesjuke. For å bekjempe sjukdomen må treet hoggast og brennast. Sluser i kanalane er ofte laga av alm. 9 min

10 Ask
Dette treet er ein slektning av oliventreet og har nøtter. Ekorna liker seg godt i almen. Treet er varmekjært og kan bli opp til 400 år. Veden er hard med mørk kjerne, fin til møblar og skipsgolv, men økonomisk er det av liten verdi i Norge. Ask-avkok vart rekna som svært sunt på 70-talet. 8 min

11 Selje
Gåsungane på selja er eit tidleg vårteikn, ho veks over alt i landet. I programmet demonstrerer ein grundig korleis seljeluren kan lagast. Treet vert sjeldan eldre enn 50 år. 9 min

12 Rogn
Rogna veks over heile landet på all slags jord. Den tåler mykje vind og veks heilt opp til 1500 meters høgde. Rogna kan også nyttast til å lage fløyter. 10 min


Andre bøker på emnet Gran (1)

  1. Kappløpet om Sydpolen : Historien om Tryggve Gran

Andre bøker på emnet Selje (1)

  1. Yggdrasil natur- og miljøfag 5

Andre bøker på emnet Rogn (1)

  1. Fra rogn til fisk

Relaterte prosjekter


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Aldri utlånt


Tech info