Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Digge dyr

Undervisningsvideo

Fra forsiden av coveret:
Artig laga, mellom anna med bruk av animasjon. Britisk naturserie med norsk tale.

Fra baksiden av coveret:
1 Flodhest
Flodhesten kan bli over 3 tonn og er det nest største pattedyret som lever på land. Den lever om lag halvparten av livet i vatn, men den kan ikkje symje. Kan kome opp i 50 km i timen når den spring. På grunn av varmen beiter den om natta og kan då ete opptil 50 kg gras. Flodhesten er det dyret som tek livet av flest menneske i Afrika. 25 min

2 Gepard
Geparden er det raskaste dyret på landjorda. Kan kome opp i 95 km i timen og akselererer frå 0-72 km på 2 sekund. Geparden er ei trua rase og det er berre 13 000 dyr igjen i verda. Geparden får 4-5 ungar i kullet, men berre 1 av 20 lever til vaksen alder. 25 min

3 Elefant
Elefanten er det største pattedyret på jorda. Ein vaksen hannelefant kan bli over 5 tonn og 4 meter høg. Hoene og ungane lever avskilt frå hannane i store familiegrupper. Den eldste hoa er leiar i flokken og blir kalla matriark. Det er to typar elefant, den afrikanske og den indiske. Elefantane kan kommunisere med kvarandre over ein avstand på opp til 10 km. 25 min

4 Struts
Strutsen kan bli 2,4 meter høg og 150 kg tung. Den kan ikkje flyge, men kan kome opp i ei fart på 70 km i timen når den spring. Den har svært godt syn og kan sjå opp til 5 km, og den kan sjå bakover utan å snu på hovudet. Eit strutstegg er 24 gonger så stort som eit hønseegg. Dei lever i store flokkar og et både plantar og insekt. 25 min

5 Surikat
Surikaten har korte bein, slank kropp og spisse tenner i munnen og er ein mangust. Dei held saman i flokkar å opptil 40 dyr, og det er berre leiarhoa som får ha ungar. Mottoet til surikatane er: Ein for alle, alle for ein. Dei jaktar på skorpionar, edderkoppar etc., og har ein utruleg rask reaksjon. 25 min

6 Isbjørn
Ein vaksen isbjørn kan bli mellom 2,5-3 meter høg, og veg rundt 800 kg. Den er det største landrovdyret vi har. Den er ein dyktig symjar og brukar frambeina som padleårar. Huda til isbjørnen er svart og håra i pelsen er gjennomsiktlege og reflekterer lyset, noko som gjer at den ser kvit ut. Den lever for det meste av sel. Luktesansen til isbjørnen er det beste jaktreiskapen den har. Ungane lever i lag med mora til dei er tre år.


Andre bøker på emnet Dyr - Filmer (2)

  1. Newton - haust 05
  2. Ugler i mosen

Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Aldri utlånt


Tech info