Logg inn til ditt område
Om livet på jorda
Kunstnaren og bondesonen Tormod møter huldra i skogen. Dette møtet, samt andre syn, pregar korleis han stiller seg til omgjevnadane, kvinner, skulen og læring. Dei får òg ei stor betyding for korleis han tenkjer. Tormod er i tenåra kritisk til livet på jorda. Kritisk til menneska, industrien, masseproduksjonen og den elektriske tidsalderen. Han er ein mann som skal arbeide! Men det er ikkje lett å finne ut kven han eigentleg er, og temperamentet hans er ei kraft som brått kan ta fyr og bli til rasande eld. "Om livet på jorda" handlar mellom anna om ungdomstid, kjærleik, seksualitet og skulegang. Romanen handlar òg om kjensla av å vere utanfor, det som er framand, og om korleis liv og død er knytt saman. Tormod Haugland har fått svært gode kritikkar for dei siste romanane sine. Ein kan fortelje om eit liv på ulikt vis, og Haugland si sjølvbiografiske dikting er original.
Andre bøker på emnet Identitet (12)
List flere på Identitet...Denne finnes på Lakselvbukt skole
- Plassering Skjønn H-voksen
- Forfatter Haugland, Tormod ( Google)
- Utgitt 2021
- Sider 287
- ISBN 9788249523252
- Antall 1 Reserver denne
-
Emner
Identitet
Aldri utlånt
Tech info