Logg inn til ditt område
Oske
I Oske" møter vi ein liten gut som saknar faren sin. Det er ikkje lenge sidan faren døydde, og minna om han er sterkt til stades heime i huset. Guten går inn på soverommet og ser at det framleis er eit søkk i hovudputa til pappa. Han går inn på kjøkenet og ser at det framleis er ein kaffiskvett igjen i koppen pappa pla drikke av. Han går ut på balkongen og kjenner at det framleis luktar pappa av den gamle skuggelua hans. Saman med mora samlar guten nokre av tinga til pappa og ber dei med ut til den fine trehytta som dei snikra i lag. Der oppe i trehytta får guten sagt farvel til faren på sin heilt eigen måte, og det kjennest godt. Oske er ei biletbok som inviterer til samtale om kva døden er, og om korleis ein kan leve vidare når nokon ein er glad i, er borte. Om minna som lever vidare. Bildebok for førskolebarn/småskoletrinnet.
Andre bøker på emnet Døden (29)
- Gule roser til pappa
- Hvordan snakker man om døden?
- Skal det være sånn??!
- Roy
- Dagen utanfor
- Hemmeligheten
Andre bøker på emnet Sorg (35)
- Ingen dager uten regn
- Bobben og Eddie -et siste farvel
- Gule roser til pappa
- Skal det være sånn??!
- Brødrene Løvehjerte
- Da jeg var på besøk i himmelen
Andre bøker på emnet Barn (27)
- Lonuhus-gà nddaguovttos
- Blodmånenatta
- Jakten på de skjulte vaffelhjertene
- Hva er følelser?
- Rot og Bjørne leker med følelser
- Ikke snakk sant
Andre bøker på emnet Minner (2)
Tech info